Hjellesida

 

 

Hjellestøylen er eit svært mykje brukt turområde for folk i Førde, og er flittig besøkt året rundt, enten en er på vei videre til/fra Førdenipa eller Steinheia. Her finner du meir informasjon om Hjellestøylen fra gamal tid, samt bilder og informasjon fra brukarane av området i dag.

 

Fakta om Hjellestøylen og Hjellstøylsdalen

Hjellestøylsdalen er omkransa av Førdenipa (864 moh), Steinheia (869 moh) og i Øst av Ramstadnipa (760 moh). Mot syd/vest er dalen open mot bygda (Vie, Bruland og Hafstad) Beitegrunnlaget har i alle år vore etterspurd både for storfe og sau/geit, og det er normalt lang beitesesong.

Det var 3 stølstun på Hjellestøylen. Sjølv trur eg det har vore støling på Hjellestøylen i ca. 150 - 200 år. Dette grunnar eg i dei gamle bygningane (treverket) som eg minnest før siste verdskrig (40-45).
Stølsselet vart revet i 1941, og sett opp igjen samme sommaren av Olai Helgås og Ole Aasen.
En del av det gamle trematerialet ble brukt om att, slik som sperra og tro, som den dag i dag er frå "gamleselet", også seldøra med beslag og ein "bete" inne i selrommet.

Alle materialane som var på staden, slik som stein, torv, mur og mose vart samla inn på staden, resten vart bore på ryggen av gardsfolket.
Stølsvegen på Hjellestøylen var, (og er) tung og bratt. Gardstunet ligg på 75 moh. og stølen på 543 moh.
Langs den gamle stølsråka er mange stadnamn, og "kvilebenkjen" er det mest kjende punktet i dag.

Stølsfloren blei ikkje vedlikehalde etter at vi slutta med stølsdrift i 1952, og ramla etter kvart ned. 
Denne ble på midten av 1990 talet restaurert, men da med ny form og materialer, grunnmuren er den same, men også den restaurert.
Størrelsen på floren er den same som tidlegare, selet er forlenga med utsel.

Vi hadde ikkje fast dato for avreise på Støylen, men når kalenderen viste ca. 15 - 20 juli var både folk og fe urolege og budde på å dra på Støylen. Alt etter været, men normalt ca. 2 mnd. stølsdrift.
Det mest vanlege var at jentene stod for stølsdrifta, enten kona og døtrer på garden, eller kanskje mest vanleg her på garden ei "sommarterne" på hyre frå vår/flyttedag 14 april til 14 okt. (haustflyttedag)
Det vanlege var at kyrne låg i fjøsen om natta, eg kan endå høyre bjølleklangen frå ei hjortane bjølleku i fjøset på stølen.
Stølskvia var inngjerd (Steingard), men innhegningane av stølskviene var først for å verne beite frå Sau og geiter som kom på fjellbeite 1 mnd. før storfe.

Det gamle driftsopplegget på gardane var seine haustkalvar (okt-nov), såleis var det ikkje dei store mjølkemengdene i stølstida, men kvar morgon var det å fylle i "Hylkje" og ta det på ryggen å gå heim.

Dette med å sette opp rømmaske var ofte eit tillitsforhold mellom husbonde og budeie. Ingen ask med rømmekolle var eit minus for stølsjenta om laurdagskveldane.
Eg kan ikkje minnast stølsaskane uten rømmaske i helgane, ein eller fleire.
Det var alminneleg samtale blant gutane før dei endelege stølsplanane vart lagde.
Jenta og rømmekolle, eller berre jenta.

 

 

Odd Aasen

Copyright © Hjellesida eies og drives av: Ove Aasen, Hjelle 6811 Førde