Bautasteinane på Hjelle

Hjelle er ein av dei få gardane i Angedalen der det finst tydelege arkeologiske spor etter menneskeleg aktivitet frå jernalderen. Dei registrerte gravminna, funna frå folkevandringstida og indikasjonane på eldre busetjing i Storeåkeren viser at garden hadde ei sentral rolle i bygda for om lag 1500 år sidan.
Gjennom generasjonar har det på Hjelle kome fram fleire store steinar som har skilt seg ut frå vanleg åkerstein. Mange av desse har fått nytt liv som kvilesteinar, gjerdestolpar eller byggjestein. To av steinane vart reiste opp att i samband med vegomlegginga i 1982–83, medan andre låg ved vedahuset, stabburet, stien mot Sårheimsløa og ved løa, der ein mindre stein vart funnen så seint som i 2020.
Steinane kom nok fram under dyrking og opparbeiding av jord gjennom fleire hundre år.
Dette reiser eit naturleg spørsmål: Kan nokre av desse steinane opphavleg ha vore bautasteinar eller delar av gravanlegg knytte til dei kjende gravene på Hjelle?
I jernalderen vart bautasteinar ofte reiste som minnesmerke over døde eller som markeringar i gravlandskapet. Nokre stod i tilknyting til gravrøyser eller gravhaugar, medan andre stod fritt som monument i landskapet. Dei var synlege symbol som kunne markere slekt, makt og kontinuitet gjennom generasjonar.
Når ein ser dette i samanheng med dei mange store steinane som seinare er funne spreidde rundt på garden, er det freistande å tenkje at i alle fall nokre av dei kan ha hatt opphav i desse gravanlegga. Gravrøyser vart gjennom hundreåra ofte rydda bort for å skaffe meir dyrkbar jord, og større steinar vart gjerne flytta og nytta til praktiske formål. Dette er eit kjent fenomen mange stader i landet.
Ein bautastein som hadde mist den opphavlege funksjonen sin, kunne lett bli brukt som kvilestein, grindestolpe eller byggjestein.
På denne bakgrunnen framstår det som rimeleg at nokre av bautasteinane eller kvilesteinane på Hjelle kan vere restar etter gravmiljøet som fanst på garden i jernalderen. Dei kan ha høyrt til gravrøyser som seinare vart fjerna, eller dei kan ha vore frittståande markeringssteinar knytte til gravene eller den tidlege busetjinga. Sjølv om dette ikkje kan bevisast med dagens kunnskap, passar hypotesen godt inn i det arkeologiske biletet som er kjent frå Hjelle og Storeåkeren.
Steinane på Hjelle kan difor sjåast som meir enn berre gamle kvilesteinar. Dersom vår tolkinga er rett, representerer dei nokon av dei siste synlege restane av eit grav- og kulturlandskap som vart skapt for om lag 1500 år sidan, då folket på Hjelle markerte sine døde og si tilknyting til garden med monument som skulle vere synlege for komande generasjonar.
Bautasteiner.
Gjennom dem ble minnet om ting som ellers så lett hadde gått tapt på den tiden, forlenget. Og så lenge de var synlige, spurte de følgende slekter etter, og fikk greie på hvorfor de sto der, helt til det som de pekte hen på, ble skrevet ned i historiske beretninger.
Tormod Torfæus som ga ut Norges første historiebok på latin i 1711
