Hjelleslåtten

Moses Berntson Støfring kom til Førde frå Støfringsdalen i Jølster. Han hadde teke seg teneste på garden til Hans Torsteinson Hjelle, og fekk bygsle Hjelleslåtten av han.

Moses tok namnet Hjelle. Det var vanleg at dei tok namnet der dei busette seg når dei fekk gard eller plassar.

Moses Berntson Hjelle var husmann på Hjelleslåtten frå 1853 til 1907, saman med kona Karolina Andersdotter som var født på denne husmannsplassen i 1823.

 

Det var foreldra til kona Karolina, Anders Nilson Hjelle og Trone Anna Marie Hjelle som hadde hatt bygselen før.

 

Moses og Karoline fekk sønene Anders og Bendix, og døtrene Throne og Anna Sofie.

Bendix gifta seg med Hanne Hagenes Hjelle og flyttet til Bergen, der han i 1873 starta Bendix M Hjelle`s Farvehandel i Strandgata 82/84.

Fima annonsert på 1930 tallet betydelig i Firda, og eksisterer idag som eit eigedomsselskap i Bergen.

Imidlertid kan det sjå ut som at Hans Torsteinson Hjelle ikke hadde rett til å bygsle bort Hjelleslåtten til Moses og Karoline i 1853. Han hadde allerede bytta garden 24/1 med Slåtten, samt at utskiftingspapira fra 1830 viser at Hjelleslåtten tilhørte bruk 2 på Hjelle.