Du var første treet som var planta der
Hadde røtene festa på garden fra morgon gry
Hadde med deg draumar og tankar
- frå slekta før
Baka dei inn i eigne draumar og tankar
- for slekta etter
Som tuntre skal - skapa du stillhet og ro
Der vinden susa i greiner
- og der var det trygt å være til
Greinar vinkar velkommen
- og favna rundt ein
Greinene tok vekk brodden frå sola
- og kulden frå natta
I dagar med godvær - og dagar med storm
Folk og fe fant trygghet og ly
Ein 13 år gamal gut mista sin far
Då var det godt at greinene bar..
Tuntreet vart sjølve sjela på Hjelle
Ein stad det var godt å stogge eit bel
Men hausten kom fort - og blada fell
Sårt og stille tar vi farvell
Også tuntre må ein dag få kvila...
Farvel