Fra Klaus Egge sin biografi om Karl K Myklebust finner ein også historia om 

Anne Marie Saarheim fra Hjelle.


Anne Marie Hjelle (1887-01-24 – 1940-02-16), var frå Hjelle gbnr. 24/2 i Angedalen, ved utlau­pet av dalen, dotter til Andreas K. Sårheim, f. 1853 i Jølster (Sårheim bnr. 1), og  Nikolaia Ellings­dotter, f. 1856 i Jølster (Hegre­nes bnr. 5). Foreldra kjøpte garden i 1878 og selde han i 1919.

 

Når det galdt Marie frå Hjelle, hadde eg så lite informasjon om hennar identitet i starten, at første oppgåva var å finne henne og foreldra hennar. Eg såg i okt. 2019 gjennom Bygdebok for Førde, Angedalen, ættesoge. Fann berre ei Marie fødd i aktuelt tidsrom:  s. 226, garden Hjelle: Andreas K. Sårheim, f. 1853 i Jølster. Gift med Nikolaia Ellingsdotter, f. 1856 i Jølster. Born: Einar 1882, Karoline 1883, Marie 1887, Andreas 1889, Moses 1891, Astrid 1894.

 

Digitalarkivet, Førde Sokneprestembete, klokkarbok nr. A 2, 1881-1898:

1887, Kvindekjøn, nr. 6. Fødd 24. Januar, døpt 6. Februar, Anne Marie. Foreldre: Gaardmand Andreas Krispinuss. (1853) Saarheim og Johanne Ellingsdtr. (1856). Foreldrenes Bopæl:  Jelle.

 

Folketeljing 3. desember 1900 Førde, s. 445:

Bustadnr. Krins Namn Gnr. Bnr. Tilstades Heimehørande

0082         004     Hjelle 24     2         9                    9

Korn/potet: ja Kreatur: ja Fjærkre: ja Bikubar: nei Kjøkkenhage: nei Frukthage: nei

Nr.  Namn         Kj. Siv. Bust.Fam. Yrkje              Fødd   Fødestad Statsb.Tru.

001 Andreas K. Sårhem m g b Hf Gårdbruger S 1853 Jølster NB n s

002 Niklaja Ellingsdr: Sårhem k g b Hm Gårdmandskone 1856 Jølster NB n s

003 Einar Andreassen Hjelle m ug b S Søn (tjenestedreng) j b 1882 Førde herred* n s

004 Andreas Andr: Hjelle m ug b S Søn 1889 Førde herred* n s

005 Moses Andr: Hjelle m ug b S Søn 1891 Førde herred* n s

006 Karoline Andreasdr: Hjelle k ug b D Datter (Kreaturstel) 1883 Førde herred* n s

007 Marie Andreasdatr Hjelle k ug b D Datter 1887 Førde herred* n s

008 Astrid Andreasdatr Hjelle k ug b D Datter 1894 Førde herred* n s

009 Marte Hansdatter Schei k e b EL Lever af lidt opsparede midler 18?8 Jølster n s (Merknad: E: Fødselsår retta seinare til 1818?)

 

Konklusjonen var at ektefellen til Karl må ha vore: Anne Marie Andreasdotter, f. 24.1.1887, frå Hjelle i Angedalen, gbnr. 24/2, dotter til Andreas K. Sårheim, f. 1853 i Jølster (Sårheim bnr. 1), og  Nikolaia Ellingsdotter, f. 1856 i Jølster (Hegrenes bnr. 5) - fann bnr. i Bygdebok for Jølster.

Eg undersøkte klokkarboka for Førde på giftarmål 1925-1927 utan å finne noko, og døds­fall i tida 1927-1937 utan å finne noko. Dei kunne ha gifta seg ein annan stad, og ho kunne ha døydd ein annan stad. 

 

Gardssoge

Eg kontakta folk som bur på garden Hjelle bnr. 2 i dag, Ove Aasen (okt. 2019):

Familien Andreas K. Sårheim kom frå Jølster, kjøpte garden i 1878. I april 1919 selde han garden til ein på Hornnes, men kona nekta salet. Seinare på året selde dei til Andreas Aasen, olde­­far til Ove, men dei heldt fram å bu der til ut på 1920-talet. Då flytte dei austover, truleg Sande­fjord. Ein bror til Marie, som alt hadde flytt, truleg til Oslo, prøvde å trette garden, men då taksten låg føre, var det visst ikkje så interessant likevel. Marie flytte truleg anten til Bergen eller austover.   

– Han opplyste seinare at: Moses K. Sårheim hadde kjøpt garden i 1877, men selde året etter til bror sin, Andreas.  Sårheimhuset på Hjelle vart selt til Skogstad i Ange­da­len etter at Anders hadde flytt, og står der.  (www.hjelle24.no, eller https://hjelle24.no/kultur-1/)

 

 

Eg gjorde nye søk etter Marie og hennar familie på MyHeritage.  Då fann eg at mora døydde i Førde i 1928, faren døydde i Sandefjord i 1938 og Maria budde i Stokke, døydde vinteren 1940 og vart gravlagd i Sandefjord.    

1

Nikolaia Johanne (Saarheim/Sårhem) f. Ellingsdatter, f. 24.6.1856 Aalhus, d. 27.3.1928. Begravelse Førde, S&Fj. Dødsårsak: Hjertefeil (Norske kirkebøker 1815-1938). Barn: Astrid Kristine Thilert  (f. Hjelle), 1894-?  Kilde: Thilert WebSite, eier: Nicoline Thilert.

2

Nikolaia Johanne Ellingsdtr. Sårheim, g (gift), ektefelles/forsørgers livsstilling: kårm.  F. 1856. Bopel Førde.

3

Johanne Ellingsdtr. 1910-folketelling. F. 24.6.1856. Bosted: Hjelle, Førde, Sfj. Mann: Andreas Krispinussen Hjelle. Barn: Marie A. Hjelle, f. 24.1.1887; Moses A. Hjelle, f. 12.1.1891; Astrid A. Hjelle, f. 7.6.1894.

4

Andreas Saarheim Hjelle, f. 13.1.1853, d. 20.1.1938. Bosted S.fjord parish, Vestfold. Begravelse 1938 Sandefjord, Vestfold. Merkn.: Bopel (herredets eller byens navn): S.fjord.  Fhv. gårdbruker Andreas Saarheim Hjelle, e (enkemann).

5

Andreas Martinius Krispinussen f. 1852 Saarheim, bosted Hegrenes. Far: Krispinus Mosesen. Ekteskap 20.11.1877 Jølster. Kone: Nikolaia Johanna Elllingsdatter, f. 1856 Hegrenæs. Hustrus far: Elling Simonsen.

6

Anne Marie Andreasdatter Hjelle, f. 1887. Bosted 1891 Førde (Folketeljing 1891). Søsken: Karl A. Hjelle, Einhard, Karoline, Andreas. Forsørgerens livsstilling: Gårdbruker og Selveier.

7

Marie Myklebust (Norske dødsfallregistreringer), f. 24.2. 1887. Bosted Stokke i Vestfold. Død 16. feb. 1940.  Begravelse Sandefjord church, Vestfold.

8

[søkeord: Anne Marie Myklebust, F.år 1887, Sted: Jølster (!), F. jan 24, 1887, Far: Andreas, Mor: Nikolaia Johanna Ellingsdatter, Ektefelle: Karl Myklebust]

1940, febr. 16. (dødsdato) Husmor Marie Myklebust g (gift) f. 1887 feb. 24. Forsørgerens levevei: gårdbruker. Bosted: Stokke. For personer begravd utenfor bostedet: begravelsessted: Sandefjord. (Protokoll: Døde innført i 1. kvartal 1940 Sandefjord bysogn).

9

Marie Myklebust d. 1940 febr. 16, g (gift), forsørgers levevei: gbr., f. 1887.2.24. Bosted: Stokke. For personer begravd utenfor bostedet: begravelsessted: Sandefjord. [Søkt på slektogdata/gravminner: Felt K01, Rad 06, Gravnr. 004. Gravlagt 24.2.1940. Marie Myklebust. Gravminne mangler.]

10

Andreas Hjelle

S.S.Lusitania fra Liverpool 19.3.1910 til NY havn 25.3.1910. Andreas Hjelle, 21 (år), worker, Førde, Søndfjord. Father: Andreas Saarheim, Førde, Søndfjord.

 

Sju sysken

Grunnlag: skriftlege kjelder og informasjon frå Erling Hjelle, Bjørn Erik Thilert og Stein Cato Thilert, som eg kom i kontakt med gjennom tlf. til Nicoline Thilert, som har ei nettside på MyHeritage.


Etterkomarar etter Andreas Martinius Krispinussen Saarheim Hjelle, f. 1853-01-13 i Jølster, d. 1938-01-20 i Sandefjord, og Nikolaia Johanne Ellingsdtr. Hegrenes Hjelle, f. 1856-06-24 i Jølster, d. 1928-03-27 i Førde.

  • Carl Kristian Elias A. Hjelle (1880). Gårdmannssøn, lagerbetjent, reiste til USA 19 år gml. 1899-06-16. (digitalarkivet.no). Louise. Ei dotter: Norma.
  • Einar A. Hjelle (1882). Ft 1900: Tjenestedreng. Reiste til USA. G. Belle. Ein son: Andreas.
  • Karoline A. Hjelle (1883). Reiste til USA. G. Gift. Ei dotter: Alyce (Andreas og Alyce forbytt?)
  • Anne Marie A. Hjelle (1887-01-24 – 1940-02-16), g. Karl K. Myklebust frå Jølster, busett på gard i Stokke i Vestfold (no: Sandefj. gbnr 458/9) ca 1930-1937.
  • Andreas Nicolai A. Hjelle (1889). Reiste til USA 1910-03-15, gaardsarb., utreisehavn Bergen, reisemål Amk Watertown, Wisconsin. Cunard Line. (Emigrasjonsprotokoll: Emigranter over Bergen 1874-1930). Truleg ugift.
  • Magnus A. Hjelle (1891-01-12), døypenamn: Moses. Ft 1910: ug Søn, gaardsarbeide, Hjelle, Førde. Ft 1920: Midl. Ophold, ug kontorist hos soren­skriv. i Søndfjord, bosted Fjaler, Steien. Seinare i Oslo kommune, byfogdkontoret  Anne Marie Kusslid (endra til Huslid etter at ho flytte frå Førde (f. 1902-08-07). [Lærar på Skei, Olav Huslid, hadde same namneendring].
    1. Erling Hjelle (f. 1941-03-22), arkitekt, hos ark.firma Rolf Wahlstrøm i Oslo, var med og teikna Nadderudhallen i Oslo. Flytte i 1974 til Førde og seinare til Flekke.
    2. Aud, reiste til USA og busette seg der.
  • Astrid A. Hjelle (1894-06-07). G 1916-11-04 (i Johanneskirken i Bg.) Karl Thore Valdemar Karlsson Tilert; dei sette sidan inn ein h, Thilert. Ho arb. i Bg. Kreditbank. Han heismontør i eit svensk selskap, send til banken på oppdrag (ca 1915-20). Dei budde først i Bg, så via gardsbruk i Lier 1921/22, til Sandefjord, starta i 1923 Iris kafe og spisesalong, dreiv sidan fleire selskaps­lokale, m.a. Sandefj. Bad.
    1. Reidar Alfred (1920-08-12 – 2000-02-03), f. i Bg, d. i Sandefj. Gerd Walby f. Andresen (1922-2012). Hotellfagsk. i Åsgårdstrand I 1939, var I 1945 utdanna I restaurantfaget, flytte i 1945 frå Oslo tilbake til Sandefj., tok over restauranten og dreiv i lag med mora, budde med familien på andre sida av kvartalet. Ein storbrann i 1977-04-14 stogga drifta.
      1. Tom, til USA
      2. Bjørn Erik (f. 1948), arb. i hotellbransjen.
  • Stein Cato (f. 1950), siv.øk., i jarnvarebransjen
    • Nicoline Thilert, Oslo
  1. Einar Johnny (1922-10-17 – 2011-04-11), f. i Drammen, d. i Sandefj, siv.ing. i mekanisk industri i Sandefj.
  2. Ruth (1925-11- ..), g. Stellan Einar Edquist, bur i Sverige.

 

BT: Min farmor Astrid jobbet i det som var Bergen Kreditbank, i dag Hotel Opus XIV. Karl [Thore Tilert] var utsendt fra et svensk selskap, jobben ble nok utført mellom 1915 og 1920, da holdt banken på med en større utvidelse, de hadde kjøpt naboeiendommen.  

I 1922, etter  ei tid på gardsbruk i Lier:  Farfar var ingen bonde, derfor flyttet de videre til Sande­fjord, og den første Iris Kafé og Spise­salong åpnet i Torvgata i 1923.  Noen år senere flyttet de bedriften hjørnet av Storgata og torvet. Så i 1933 kjøpte de Torvgaten 1 i konkurranse med Sandar Sparebank. 

Andreas i Angedalen vart kalla Sårheimen på Hjelle; han flytte til dottera Astrid i Sandefjord.

Jeg husker jo alltid farmor Astrid Thilert som et arbeidsjern og ingen sløsing, mens farfar nok var mer "raus". Jeg hadde i mange år bakgården til Iris som lekeplass og kort vei hjem. 

 

ST: Det var lite omgang med den delen av familien, siden Thore, Astrids mann meldte seg inn i NS i 1944. Min far måtte komme hjem fra Oslo og overta restauranten Iris i 1945. Astrid og Thore ble da boende i andre etasje til de døde. -Han vart ikkje dømd for noko etter krigen, men kunne ikkje drive restaurant – ville ikkje få gjester.

Jeg husker Erling var på besøk med en gild Vespa. Jeg skulle begynne på folkeskolen i august 1955, og det må ha vært I mai/juni at han besøkte farmor og farfar på sin Vespa, til stor glede for meg.  

Stein Cato hugsar at Karl Mykle­bust kom og budde hjå foreldra hans ein gong på 50-talet, budde der kanskje ein månad.

 

EH: Min søster Aud og jeg [var] mange ganger på besøk hos tante Astrid på Iris om somrene. Husker også godt  onkel Thore Thilert, satt ofte i bakhagen på Iris.

 

Amerikanar i Sandefjord i 1955: ein ny Rambler med 100 hk, ein sensasjon.

BT: Mht. den bilen min farmor [Astrid] fikk fra USA fra enten det var bror eller søster, året var 1955, og den gangen fikk en ikke kjøpe bil så lett, men siden far drev kafé og flere selskaps­lokaler bl.a. gamle bad Sandefjord, så kunne han ha bil. Utfordringen var dog å fremskaffe US dollar for å betale avgifter m.m., der kommer skipsreder Anders Jahre inn. Han gav far en tredje­hands sjekk på avgifts­beløpet, og den sjekken var signert av Onassis, som var en rederkollega. 

 

Frå nettsida  Vgflabben.wordpress.com/2008/09/05/nib-sandefjord-i

Dette hjørnet var det mest kjente hjørnet i Sandefjord i mange år. Her lå nemlig restaurant Iris med deres fantastiske uterestaurant. Det var ikke den sjømann som ikke visste hva Iris var og hvor det lå. Der kunne kapteiner, lettmatroser og reder drikke pils side om side. Og ble du høyrøstet så kom enten Martha, Lilly eller Karen og tok deg i kragen. Man trengte ikke utkastere den gang man hadde respekt for folk.

 

Frå Sandefjords historie – lardex.net/gruppe/303-iris-restaurant

i 1949 hadde IRIS da hele fem spisesaler samt utendørsservering med plass til 100 personer. Kafeen har ølrett, parkeringsplass til 12 biler og beskjeftigelse for 12 personer om sommeren, fortelles det. I teksten til et interiørbilde i Sandefjords historie står det at ”kafeens interiører ble i 1930 ble utstyrt med praktfulle veggdekorasjoner utført av Sandefjordskunstneren Normand Laheld”.
1977 den 14.april forsvant hele den markante hvite trebygningen med tårn og flotte kaféinteriører  i en brann. 
Gamle Iris ble erstattet av en ny bygning i kasseform. Der oppsto en ny restaurant, Venue, i mer ungdoms­orientert stil. Denne fikk en temmelig kort levetid. Med sentral beliggenhet på hjørnet ved Torvet og folkelig miljø og servering var IRIS et populært møtested for et bredt aldersspekter. Lenge sto en hval­kjeve ved inngangen til uteserveringen og ønsket spesielt hvalfangere og sjøfolk velkommen. Denne kjeven ble kjøpt av Morten Wegger og plassert på Thorøya båthavn. Etter en periode ble den solgt videre til Park Hotel hvor den står til pryd.

 

Maria si siste tid

Kvar Maria var i tida 1937-1940, er utan sikker dokumentasjon. Etter at Karl selde garden i Stokke og gjekk i teneste på gardar i Sandar, kunne han korkje hyse henne eller ta seg av henne dagleg. Det kan tenkjast at systera Astrid har teke seg av henne ei tid, men ingen minnest noko om det. Mest truleg er det at Marie flytte frå garden til ein institusjon, anten psykiatrisk eller sjuke- eller aldersheim, og mest truleg i bustadkommunen, Stokke.

 

Dødsannonsen i Sandefjords Blad, som Kari Hunskaar Nilsen fann:

«Min kjære hustru, vår søster og svigerinne Marie Myklebust f. Hjelle, døde i dag, 53 år gammel. Stokke og Sandefjord, den 16.2.1940. Karl Myklebust frav.; Astrid og Th. Thilert; Anna og Magnus Hjelle, Oslo. Føres til Sandefjord kapell i morgon kl. ½ 7.»

Svein Hunskaar har resonnert:

Jeg har tenkt litt mer på teksten i dødsannonsen fra 20. februar 1940 du har funnet tilbake til fra Sandefjords Blad. 

Marie og Karl Myklebust hadde gårdsbruk i Stokke fra 1930 til 1937, og da bosatt i Stokke. Om Marie var fysisk og psykisk syk på det tidspunktet de solgte gården i 1937, og hun da ikke var i stand til å kunne flytte til et nytt sted "for å ta ansvar for felles hushold", kan det "også" være sannsynlig at hun i Stokke, etter deres bostedtilknytning i kommunen, fikk opphold i alders-/sykekjem der. 

 

At det fremgår av dødsannonsen at Karl Myklebust var "fraværende" fra oppholdsstedet til Marie da hun døde, - ikke bodde på samme sted, - er det naturlig, siden han med sine 54 år da var fullt yrkesaktiv, og ansatt på gårdsbruk i Sandar med kost og losji der. - Og fortsatt i arbeid til "livets opphold" for seg, og muligens delvis til Maries underhold der hun var. -

 

Ved at det står Stokke og Sandefjord i annonsen, kan det kanskje tyde på at Marie fortsatt var bosatt i Stokke, på hjem der, når hun døde, men hadde nær familie (sin søster) i Sandefjord, - og muligens ble gravlagt i tilknytning til et "tidligere familiegravsted" for familien Thilert i Sandefjord, som jo søsteren Astrid var inngiftet i. - Jeg regner med at både mannen, Karl Myklebust, og søsteren, Astrid Thilert, hadde løpende kontakt med Marie, også hvis hennes oppholdssted var på "institusjon" i Stokke. -

 

Tidligere antydet jeg at "jeg ikke så bort fra" at Marie etter 1937 bodde hos søsteren i tilknytning til Iris-virksomheten, hvor det jo var god plass og mulighet til det. Men i henhold til formuleringen i døds­annonsen, ser jeg det nå som mest trolig at hennes oppholdssted disse siste årene har vært på alders-/sykehjem i Stokke. - Kanskje heller ikke naturlig at søsteren Astrid skulle ta hånd om Marie hvis hennes helse ikke var god. -

 

Resonnementet vert støtta av MyHeritage-informasjonen når ein ser litt nøyare etter på pkt. 7-10 ovanfor: at ho framleis budde i Stokke, og dermed truleg på institusjon.

BT meinte at Marie ikkje har vorte lagd i noka familiegrav.

Etter gardsalet vart Stokke meir perifert for Karl. Det vart meir naturleg å gå til grav­stad i Sande­fjord. Gravforvaltninga der opplyser på tlf. at 01.K01.Rad 06.Gravnr.004 tyder: 01= gravplassen ved Sandefjord kyrkje, K01= felt 01. Marie vart 53 år gammal.  

 

 

Avslutning

Opptaket til denne biografien var eit ynskje om å supplere Bygdebok for Jølster på nokre få punkt, men det førde til leiting etter fleire fakta. Karl Myklebust var i Olmantunet på Egge då eg var gut­. I sam­band med dette arbeidet har det vorte samla meir kunnskap om kva livsvilkår han levde under. Vid publi­sering har ikkje vore eit siktemål.

Eg går likevel ut frå at innhaldet kan distribuerast fritt. Takk for all hjelp!


Re i Breim, 2022-09-27   

Klaus Egge