- diktaren
Helene Kronborg blei født 27. novenber i 1889, på Kronborg i Førde.
Helene var barnebarn av Helene og Kristian Kvamme Hjelle.
Ho gifta seg med Martin Indrebø, og var busett på Svanehaug i Førde fram til ho døde 4.mai 1955.
De fekk ialt 7 barn, der Olivie Aasen var den yngste.
Ho har skrive ein rekke dikt og fortellingar under synonymet Haldis Ingstad.
Her er hennes tilbakeblikk på livet i 1944
Førde Nærradio laga i si tid 2 radioprogram om Helene og diktinga hennar.
Her kan du høyre Herdis Indrebø synge hennar sangar og Olivie Aasen fortelje om hennes dikt og fortellingar.
Her sit eg og lengtar og stirer
Der ut i den friske vår,
Men lagnaden berre flirer
Til meg i dei siste år.
Men så kjem ho Tulla med blomar
So kvite og fine inn
Eg kviknar og tenkjer på sommar
Og solskin i myrke sinn
Eg minnest dei farne tider
Då livet var lyst og lett
Eg ferdast i grøne lier
Og kroppen var mjuk og rett
Eg for over heier og vidder,
Eg klyver i berg og tre
Eg høyrer på fugle kvidder
Og ser på når sol går ned
Og så er det sundag og sommar
Og hugs eg er 17 år
Og kyrkjeklokka ho ljomar
Og lufta er rein og klår
Eg ser ned med kyrkje porten
Ein unggut så fyrrig står
Kor stor og kjekk han er vorten
Eg raudnar i ungdoms vår
Og sidan vi snakka saman
So ofte om stort og smått
I alvor og gøy og gaman
Og auge er stort og blått.
Og garden vi fekk til å dyrke
Var liten men ven og god
Her hadde vi støtt vårt yrke
Her streve vi begge to.
I heimen var fred og hygge
Og barna dei vekste til
Her sprang dei så glade og trygge
Og vande med gode smil
Men sidan kom sjukdom og møye
Vi sytte om deg dag og natt
Ja då vart det mykje å døyve
Då myste vi ror og ratt
Og no sit eg her åleine,
Nei, borna dei har eg att
Og alle har det, på det reine
At dei lyt væra min skatt.
Og der som vi skjølve slepte taket
Der tek dei so kraftig fatt
Dei tek seg av styret og ståket
Og syrjer for klær og mat
I det dei alltid held saman,
Og alle, so gjer dei sitt,
Dei verner i alvor og gaman
Om alt, som eg kallar mitt.
Men ein eg veit som kan løna,
Dykk for dykkar tunge strev
So takk, mine døtre og søner
For band, de for meg har.
Svanehaug 30. april 1944